Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Rullebrett

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om kva krefter som verkar på eit rullebrett, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Rullebrett

Det kan kanskje høyrast rart ut at ein gjenstand blir verande i ro sjølv om det verkar krefter på han. Dersom vi tenkjer oss at to like krefter dreg kvar sin veg, vil gjenstanden framleis liggje i ro.

Det kan verke sjølvmotseiande, men ein gjenstand fortset den rettlinja rørsla si sjølv om det ikkje verkar nokre krefter i rørsleretninga. At det ikkje verkar nokre krefter i rørsleretninga, betyr at det heller ikkje verkar nokon friksjon som bremsar rørsla. Dersom rørsla ikkje blir bremsa opp, vil ein gjenstand som er i rørsle fortsetje rørsla rett framover. I situasjonen med rullebrettet er det luftmotstand som får brettet til å stoppe opp, men det er friksjonen frå bakken mot hjula som gjer at hjula rullar; utan friksjon ville hjula glidd. Jenta på rullebrettet skuver på brettet når ho har beinet i bakken, men det verkar inga skuvekraft i rørsleretninga når ho står oppe på brettet mens det rullar (då er det berre friksjonen som verkar i rørsleretninga).

Situasjonen på biletet kan undersøkjast ved å skuve til gjenstandar slik at dei begynner å trille eller gli. Elevane kan utforske effekten av å skuve med stor og lita kraft og sjå at gjenstanden trillar eller glir lengre dersom skuven er kraftig. Ved å skuve på ein gjenstand på forskjellig underlag, kan elevane utforske effekten av stor og liten friksjon.

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.