naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Varmluftballong
Vil ein luftballong søkke hvis passasjerane et mat? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Denne grubleteikninga tar opp spørsmålet om bevaring av masse. Er massen av maten den same om han er inni eller utanfor kroppen? Å ete maten vil sjølvsagt ikkje påverke totalvekta til ballongen og passasjerane. Vi kan argumentere med at over tid vil stoffskiftet føre til at det meste av maten endar opp som karbondioksid og vatn, og at dette blir skilt ut via lungene. Ballongen og personane vil slik sett kunne bli lettare over tid dersom dei et opp maten!
Kommentarer/praktiske tips
Situasjonen på teikninga er ikkje så enkel å teste ut i praksis. Elevane kan vege seg før og etter at dei et og drikk for å sjå om totalvekta av dei sjølve og maten endrar seg. Dersom ein sveittar eller tissar, vil sjølvsagt massen minke.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Energi og materie (KE69)
- Kropp og helse (KE71)
Kompetansemål
-
10. trinn
- utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
- bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)