naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Eple modnar bananar
Er bananane grøne og ikkje heilt spiseklare? Har du anna frukt og bær heime som gjerne skulle vore litt meir modne? Her er eit lite forsøk som viser korleis du kan modne frukt raskare.
Har du lurt på korleis du kan modne grøne bananar fort? Her får du modningstips!
Legg ein grøn banan og eit eple i ein plastikkpose og knyt godt igjen. Du kan godt bruke pose med zip-lås.
Legg ein annan grøn banan i ein annan plastikkpose og knyt godt igjen. Plasser plastposane i romtemperatur og la det gå 2–5 dagar.
Studer posane etter 2–5 dagar. Samanlikn og beskriv dei to bananane. Kva for rolle kan eplet ha hatt?
Prøv å gå vidare med andre kombinasjonar av frukt og grønsaker. Avokado kan for eksempel bråmodnast ved å legge han med eit eple eller ei tomat i ein plastpose i romtemperatur.
Dersom du skal ha heil frukt til å halde lenge i eit fruktfat, kva for frukter vil du sette saman?
Fagleg forklaring
Rammeplanen
Materialer og utstyr
- eitt eple
- to grøne bananar
- to gjennomsiktige plastposar, gjerne med zip-lås