Hopp til hovedinnhold

Modul 4: Utstyr til uteaktivitetar – kva treng vi?

Målet med denne modulen er å planlegge og organisere utstyr på skolen som skal brukast til uteaktivitetar.

Tidsbruk

  • A – Samarbeid: 60 min
  • B – Utprøving med eigne elevar
  • C – Etterarbeid: 60 min

Støttemateriell

Gjennomføring

Dei to samlingane i denne modulen, A – Samarbeid og C – Etterarbeid, er tenkt gjennomført som ein kollegial prosess i fellestida på skolen. Det må vere nok tid mellom dei to samlingane til å få gjennomført utprøving med elevar i eiga undervisning. Det er refleksjonen over eigen praksis og drøfting med kollegaer som ligg til grunn for ei vellykka kompetanseutvikling. Derfor er utprøving og etterarbeid ein viktig del av prosessen.

De må velje ein person som skal leie gjennomføringa av modulen. Modulleiar må på førehand gjere klart det som trengst. Under gjennomføringa set modulleiar i gang aktivitetane, leier oppsummeringane og passar på tida.