Hopp til hovedinnhold
Bok

Unni Eikeseth: Norske forskingsbragder

Norske forskingsbragder

Vitskaplege oppdagingar gjennom 150 år.

Kjemikaren Unni Eikeseth, kjent som blant anna programleiar frå Newton, gir oss her dei mest spennande og sentrale oppdagingane frå dei siste 150 åra med norsk naturvitskapleg og medisinsk forsking.

Vi kjenner forskarparet May-Britt og Edvard Moser og oppdaginga deira av celler som utgjer hjernens stadsans. Men kven andre? Eikeseth tek oss med tilbake til 1870-talet, til Gerhard Armauer Hansen og oppdaging av leprabasillen. Du får historia bak stikket i hælen som alle norske barn får like etter fødselen, og du kan også lese om rolla til radiokjemikaren Ellen Gleditsch i eit aldri så lite vitskapleg drama som fann stad i radioaktivitetens tidlege historie.

eikeseth