Hopp til hovedinnhold
Bok

Nils Skogen: Fysikk utan svarte boksar

Fysikk utan svarte boksar

  • Av: Nils Skogen
  • Utgiver: UiO, fysisk institutt
  • Språk: Nynorsk
  • Utgivelsesår: 1993
  • Omfang: 192 sider
  • ISBN: 82-992073-3-9

Denne boka vender seg til alle som likar å gjera forsøk med fysikk, til lærarar og studentar og alle andre fysikkinteresserte. Ho skildrar ei mengd eksperiment, mest frå mekanikk og væskefysikk. Det er enkle forsøk som ikkje krev nokon spesialapparatur.

Boka skildrar mest forsøk som ein ikkje finn i andre bøker. Mange av dei er heilt nye. Her legg boka vekt på å følgje tankegangen i eit eksperiment og finn såleis fram til nye variantar i forsøka og heilt nye forsøk.

Boka er blitt til etter undervisning og funderingar gjennom mange år. Mange av forsøka er brukt i undervisninga. Dei er enkle å utføre, men kommentarane kan etterkvart bli noko vanskelege, stundom med matematikk.