naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Modul 4: Utstyr til uteaktivitetar – kva treng vi?
Målet med denne modulen er å planlegge og organisere utstyr på skolen som skal brukast til uteaktivitetar.
Tidsbruk
- A – Samarbeid: 60 min
- B – Utprøving med eigne elevar
- C – Etterarbeid: 60 min
Støttemateriell
- Presentasjon til modulen: PowerPoint | Google
- Tabell for å kartlegge utstyrsbehov (Word)
Gjennomføring
Dei to samlingane i denne modulen, A – Samarbeid og C – Etterarbeid, er tenkt gjennomført som ein kollegial prosess i fellestida på skolen. Det må vere nok tid mellom dei to samlingane til å få gjennomført utprøving med elevar i eiga undervisning. Det er refleksjonen over eigen praksis og drøfting med kollegaer som ligg til grunn for ei vellykka kompetanseutvikling. Derfor er utprøving og etterarbeid ein viktig del av prosessen.
De må velje ein person som skal leie gjennomføringa av modulen. Modulleiar må på førehand gjere klart det som trengst. Under gjennomføringa set modulleiar i gang aktivitetane, leier oppsummeringane og passar på tida.
Føreburing for den som leier modulen
- Sjå gjennom PowerPoint-presentasjonen som skal brukast under gjennomføringa av modulen.
- Les gjennom beskrivinga av aktiviteten Hvor gammelt er treet? og førebu deg på å gjennomføre delen «Berekn alderen på eit tre». Den skal gjennomførast utandørs saman med kollegaene dine i samarbeidsdelen av modulen, der du er lærar og dei er elevar. Kvar gruppe måler omkrinsen på eit tre og bereknar alderen ved hjelp av formelen
alder = omkrins (i cm) ∙ 0,4. Etterpå gjer de første del av etterarbeidet inne: samle dataa til deltakarane i tabellen på ark 11 i presentasjonen, og gå gjennom ark 12. - Skriv ut tabellen til deltakarane som skal brukast i delen «Kartlegge behov» (ark 16–17).