naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Den naturlege skulesekken
Utdanning for bærekraftig utvikling i praksis
Den naturlege skulesekken (DNS) inngår som ein sentral del av den nasjonale satsinga som skal stimulere til berekraftig utvikling. Det overordna målet er å få grunnskular og vidaregåande skular til å utvikle undervising der elevane kan delta aktivt og påverke og bidra til ei berekraftig framtid. Undervisinga skal inkludere fleire fag og vi oppmodar til å få med alle fellesfaga i undervisingsopplegga.
Gjennom deltaking i Den naturlege skulesekken får skulane økonomisk støtte til fagleg og didaktisk påfyll og rettleiing. Deltakarskular blir følgt opp av Naturfagsenteret og regionale kontaktar frå ulike institusjonar i lærarutdanninga.
Lærarressursar
Her finn du ei mengde ressursar for lærarar som kan brukast til å planlegga undervisning i berekraftig utvikling. Ressursane er knytte til dei ulike perspektiva: flerfaglig undervisning, utforskande undervisning, læringsarena, og samarbeid med eksterne aktørar.