naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Introduksjon til opplegget
Overordna læringsmål
Elevene skal kunne
- beskrive eigenskapar til ulike stoff
- vise samanheng mellom eigenskapar til stoff og bruken av stoffa
Praktisk informasjon
Førebuing og utstyr
I kvar enkelt økt får du oversikt over det du treng i økta, under Førebuing og utstyr.
Elevark. Du finn elevark som skal skrivast ut og delast ut til elevane, som pdf- og Word-filer.
PowerPoint. Til øktene er det laga ein PowerPoint-presentasjon som du kan velje om du vil bruke. PowerPointen viser bilde og annan informasjon, og er i tillegg meint som ei støtte for at du skal kunne frigjere deg meir.
Førebuing og utstyr til økt 1, økt 2 og økt 3.
Gjennomføring
Den omfattande lærarrettleiinga gir trinn-for-trinn-instruksjonar og eksempel for korleis både grunnleggande ferdigheiter og naturfag blir integrert i undervisninga, på måtar som møter dei ulike behova elevane dine har.
I lærarrettleiinga vil det ofte stå kva du kan seie eller spørre om med farga bakgrunn, og potensielle svar fra elevane står i [klammeform]. Eksempel:
Si: Kvifor er vindusruter laga av glas? [Det er gjennomsiktig, så ein kan sjå gjennom det.]
Dette er meint som ei rettleing til kva du kan seie for å få fram viktige poeng. Svara til elevane i klammer er også rettleiande, det er fint dersom elevane kjem innom dette svaret undervegs i diskusjonen, men det er ikkje det einaste riktige svaret. Du er sjølvsagt fri til å endre og tilpasse til undervisning di og til elevane dine.
Omgrep. Omgrepa som det blir lagd ekstra vekt på, er utheva i høgremargen for kvar økt. Forklaringa på kvart omgrep kjem opp når du klikkar på omgrepet.
Didaktiske prinsipp
Djupnelæring
Hensikten med all undervisning er å få elevene til å forstå. For å oppnå djupnelæring bør opplegget gå over ei viss tid, slik at elevane får tid til å gå inn i eit tema.
Gjennom opplegget brukar elevane ulike tankeprosessar, slik som at elevane «observerer nøye og beskriver det som er der» og «brukar bevis i resonnementa sine». Ved at du observerer tankeprosessar hos elevane kan du få eit innblikk i refleksjonen og forståinga til elevane.
Motivasjon og tilpassing
Oppdraget i opplegget går ut på å teikne ein sko som ikkje finst enno. Dette skal motivere skapargleda hos elevane ved at dei kan vere kreative i løysinga si.
Relevans og bruk
Oppdraget er knytta til sko, som er noko alle elevane har erfaring med. Dei har erfart at ulike sko passar til ulike bruksområde.
Utforskande arbeidsmåtar
Utforskande aktivitetar er gjennomgåande i heile opplegget. Dette inneber både førstehandsundersøkingar der elevane gjer praktiske aktivitetar – og leseaktivitetar der elevane undersøker og finn ut noko ved hjelp av tekstar. Det blir lagt vekt på at elevane sjølve skal få tid til å tenke og finne ut kva dei meiner.
Språk og kommunikasjon
Det er god variasjon mellom å lese, teikne og snakke gjennom heile opplegget, og variasjon i korleis dei skal lese, teikne eller snakke.
Progresjon og vurdering
Alle dei sentrale omgrepa i opplegget er synlege i alle øktene, men dei omgrepa som det blir jobba mest med i den enkelte økta er utheva. Det er viktig at du arbeider bevisst med omgrepa gjennom øktene, slik at du brukar omgrepa riktig og gjentar dei der det fell naturleg. Gjennom opplegget møter elevane omgrepa fleire gongar, og dei må bli utfordra til å bruke omgrepa sjølve på ulike måtar. Det blir ein progresjon gjennom opplegget der omgrepssapparatet blir utvida og dei sjølve klarar å bruke dei riktige omgrepa.
Det er særleg omgrepa stoff og eigenskap som har ein progresjon gjennom heile opplegget, saman med omgrep som handlar om naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar.
Læringsmåla til kvar økt viser kva elevane skal sitte igjen med etter den enkelte økta. Måla er knytne til både naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar og andre kjerneelement.
Ver bevisst på korleis du gjennom økta kan sjå kva elevane har lært. Kva for tankeprosessar blir synleggjorde gjennom økta?
Mange av aktivitetane er gode utgangspunkt for undervegsvurdering. Gjennom ei diskusjonsoppgåve eller ei teikneoppgåve kan du få innblikk i kva elevane kan og forstår.
Naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar
Samle og bearbeide data
Å samle og bearbeide data i naturfag inneber å planlegge ei undersøking, gjennomføre ei undersøking og analysere data frå undersøkinga. I dette opplegget observerer elevane eigenskapar til ulike sko.
Gjennom opplegget øver elevane på å
- samle data frå praktiske undersøkingar
- gjennomføre kvalitative observasjonar av sko
- beskrive observasjonar av egenskapar
- sortere og klassifisere etter observerbare egenskaper