naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Introduksjon til opplegget
Les gjennom dette før du går i gang!
Overordna læringsmål
Elevane skal kunne
- beskrive kva eit kommunikasjonssystem er, med internett som eksempel på elektronisk kommunikasjonssystem
- forklare korleis digital informasjon blir overført frå sendar til mottakar
- gjere greie for positive og negative sider ved elektroniske kommunikasjonssystem
Djupnelæring
Hensikten med all undervisning er å få elevene til å forstå. For å oppnå djupnelæring bør undervisningsopplegget gå over ei viss tid, slik at elevane kan gå ordentleg inn i eit tema. Overordna læringsmål viser kva som er hovudhensikta med eit opplegg. Desse måla styrer kva for aktivitetar elevane skal gjere undervegs, og måla må henge saman med oppdraget som elevane skal løyse.
Gjennom opplegget blir det peika på kva for tankeprosessar som blir synleggjorde gjennom dei ulike aktivitetane, slik som at elevane «observerer nøye og beskriv det som er der» og «brukar bevis i resonnementa sine». Ved at du observerer tankeprosessar hos elevane kan du få eit innblikk i refleksjonen og forståinga til elevane.
Motivasjon og tilpassing
Å gi eit oppdrag til elevane har til hensikt å motivere. Elevane må skaffe seg kunnskap for å løyse oppdraget, derfor skapar oppdraget eit behov for læring. Elevane kan sjølve velje korleis oppdraget skal bli løyst. I oppdraget skal elevene skissere ein idé om eit smart klesplagg som er ein del av eit elektronisk kommunikasjonssystem.
Relevans og bruk
Relevans handlar blant anna om å la elevane bli kjente med samfunnet utanfor skolen, kva for yrke som finst og korleis arbeidslivet fungerer. Relevans handlar også om kva elevane opplever som meiningsfylt, kva dei er opptatt av og vil lære noko om. I opplegget får elevene litt innblikk i korleis noko dei brukar dagleg, nemleg mobiltelefonen, eigentleg fungerer.
Utforskande arbeidsmåtar
Utforskande aktivitetar inneber både førstehandsundersøkingar der elevane gjer praktiske aktivitetar – og leseaktivitetar der elevane undersøker og finn ut noko ved hjelp av tekstar. Elevane må få tid til å tenke og finne ut kva dei sjølve trur. Tenk-par-del er ein god måte å få fram tankane til den enkelte eleven og la dei setje ord på tankane sine til ein annan.
Språk og kommunikasjon
God undervisning bør variere mellom å lese, skrive og snakke, og også variere i korleis elevane skal lese, skrive eller snakke. Elevane brukar grunnleggande ferdigheiter for å lære naturfag – og naturfag er ein kontekst for å øve opp dei grunnleggande ferdigheitene.
Når elevane skal lese ein tekst, får dei eit leseoppdrag med oppgåver før, under og etter lesing. Lese-, skrive- og snakkeaktivitetar gir elevane ulike strategiar for å tileigne seg eit innhald. Desse strategiane vil gå igjen i arbeid med andre tema.
Progresjon og vurdering
Nøkkelspørsmål og/eller nøkkelsetningar viser det mest sentrale fagstoffet i eit tema. Setningane er plassert i dei ulike øktene, slik at dei samla sett bygger opp den faglege progresjonen gjennom undervisningsopplegget.
Til kvart tema er det valt ut sentrale omgrep som det blir jobba med på ulike måtar gjennom øktene. Det er viktig å arbeide bevisst med omgrepa gjennom undervisningsopplegget og å gjenta dei der det fell naturleg. Ved å møte omgrepa fleire gongar blir elevane kjente med omgrepa i ulike samanhengar. Det blir ein progresjon gjennom opplegget der omgrepsapparatet blir utvida og dei sjølve etter kvart klarar å bruke dei riktige omgrepa.
Nokre omgrep kallar vi forskerspireomgrep, som modell. Slike omgrep er sentrale i heile naturfaget, og ved at elevane får ei god forståing av desse omgrepa kan dei lettare bruke desse også i andre tema i naturfag. Andre omgrep er meir fagspesifikke og knytt til temaet i undervisningsopplegget, som basestasjon og grensesnitt.
Progresjon handlar også om kva elevane bør ha kjennskap til før opplegget, og kva som er vegen vidare etter opplegget. Dette gjeld både ein progresjon i naturfaget og i andre fag som heng saman med temaet for undervisningsopplegget.
Læringsmåla til kvar økt viser kva vi vil at elevane skal sitte igjen med etter den enkelte økta. Måla er knytt til både forskerspiren og andre hovudområde i naturfag.
Gjennom øktene er det viktig å vere bevisst på korleis du kan sjå kva elevane har forstått. Kva for tankeprosessar blir synleggjorde gjennom økta? Mange av aktivitetane er gode utgangspunkt for undervegsvurdering. Gjennom ei diskusjonsoppgåve eller ei skriveoppgåve kan du få innblikk i kva elevane kan og forstår. I ein aktivitet som tenk-par-del får du innblikk i kva elevane har forstått. Det er viktig å gi nok tid til tenke-delen, slik at alle rekk å tenke. Dette er viktig for å gi ei tilpassa opplæring.
Praktisk informasjon
1) Lærarrettleiing. Den omfattande lærarrettleiinga gir trinn-for-trinn-instruksjonar og eksempel for korleis både grunnleggande ferdigheiter og naturfag blir integrerte i undervisninga, på måtar som møter dei unike behova elevane dine har. Det er lurt å ha lærarrettleiinga tilgjengeleg i øktene, enten på papir eller på f.eks. nettbrett. Lærarrettleiinga for kvar økt finst i eigen utskriftsversjon.
2) Materiale og utstyr. I kvar enkelt økt får du oversikt over det utstyret du treng i økta, under Førebuingar og utstyr.
3) Elevbok. I dette undervisningsopplegget er det éi elevbok: Søk dekning!, bokmål/ nynorsk.
4) Elevark. Du finn elevark som du skal skrive ut til elevane, som pdf- og Word-filer, under Førebuingar og utstyr. Dei fleste elevarkane er samla i eit elevhefte som ligg i økt 1. Side 1–3 blir bruka i økt 1, side 4–5 i økt 2, side 6 i økt 3, side 7–9 i økt 4 og 10–11 i økt 5.
5) PowerPoint. Til kvar økt er det laga ein PowerPoint-presentasjon som du kan velje om du vil bruke. Du finn han under Førebuingar og utstyr i kvar økt. PowerPointen viser bilde og annan informasjon, og er i tillegg meint som ei støtte for at du skal kunne frigjere deg meir fra den detaljerte lærarrettleiinga i økta. Vi anbefaler likevel at du les nøye gjennom lærarrettleiinga i forkant og har han tilgjengeleg i økta.
Dialogen i klasserommet
I lærarrettleiinga vil det ofte stå kva du kan seie eller spørje om med farga bakgrunn, og potensielle svar frå elevane står i [klammeform]. Eksempel:
Sei: Kvifor er vindusruter laga av glas? [Det er gjennomsiktig, så vi kan sjå gjennom det.]
Dette er meint som ei rettleiing til kva du kan seie for å få fram viktige poeng. Svara i klammene er også rettleiande, det er fint viss elevane kjem innom dette svaret undervegs i diskusjonen, men det er ikkje det eineste riktige svaret. Du er selvfølgeleg fri til å endre og tilpasse til undervisning di og til dine elevar.
Omgrep. Omgrepa som skal ha ekstra fokus, er utheva i høgremargen for kvar økt. Forklaringa på kvart omgrep kjem opp når du klikkar på omgrepet.