naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Kjemi i barnehagen eit lite glimt
Interessa for realfag hos borna startar tidleg, og dei bruker mykje tid på å sanse omverda. Det som me vaksne tar for gitt, til dømes at vi ser ting falle eller speile seg, det undersøker borna meir eller mindre systematisk.
Barnehagen er ein god arena for å eksperimentere med fysikk og kjemi. I rammeplanen for barnehagen skal arbeidet med natur, miljø og teknikk bidra til at borna:
”lærer å iaktta, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomener i den fysiske verden”
I tillegg står det at for å nå dette målet må personalet:
”ta utgangspunkt i barnas nysgjerrighet, interesser og forutsetninger og stimulere dem til å oppleve med alle sanser, iaktta og undre seg over fenomener i naturen og teknologien”
Denne artikkelen vil no skildre eit eksperiment som oppfyllar dei nemnte rammeplanmåla.
Student Kjerstin Dalva Nordvik valte å ta utgangspunkt i boka til Leif Wedøe (2005): Fysikkaktiviteter i barnehage og småskole, då ho skulle prøva ut eit opplegg i fysikk/kjemi som ein del av førskulelærarstudiet.
Førebuing av forsøk er viktig. Kjerstin laga liste og sjekka at ho hadde alt av stoff og utstyr. For å bli tryggare på forsøka prøva ho dei ut på eigen son på 5 år på førehand. Eit rom i barnehagen blei deretter reservert og borna blei utstyrt med frakkar for å unngå søl på klede og seinare med hanskar, sidan konditorfarge kan vera vanskeleg å få vekk.
Løysingar i vatn
Første aktivitet er løysingar og blandingar. Først får borna blanda sukker i vatn:
”Jeg finner sukkeret og lar et av barna ta det oppi sitt glass. Så henvender jeg meg til alle og ber dem røre godt og se hva som skjer, og alle ”hodene” samles rundt det ene glasset. Jenta som har sukker i glasset, rører godt, og vi andre følger med. Det er helt stille rundt bordet nå.” (Nordvik, 2008)
Borna og Kjerstin diskuterer vidare kva som har skjedd når sukkeret ikkje er synleg lenger, og dei smakar og kjenner at, jo, sukkeret er der. Ei jente forklarer at sukkeret har blanda seg inni vatnet, og alle borna er einige om at sukkeret er der sjølv om dei ikkje kan sjå det. Fleire stoff blir brukt etter kvart, slik som kveitemjøl, kaffi, jord, zalo, olje og konditorfarge. Borna ser at ikkje alt løyser seg opp, og dei smaker kveitemjøl og vatn og det blei einstemmig vedtatt at det ikkje var godt.
Kjerstin heller matolje i glasa til borna med farga vatn i. Borna rører, ler og seier: ”Se alle de boblene” Dei får beskjed om å holde glasa opp mot lyset, og borna ser at olja flyt på toppen. Det var tydeleg for borna at ikkje olja blanda seg med vatnet, det bidrog til at det blei meir spennande i følgje Kjerstin.
No har borna sett at dei kan gjera vatn skite, men kan dei få det reint igjen? Filtrering av vatn er den andre aktiviteten Kjerstin gjere saman med borna.
Filtrering av vatn
Det er enkle hjelpemiddel som skal til, ein kjem langt med eit kaffifilter. Kjerstin finn fram nødvendig utstyr, og spør om ein kan få reinsa vatn blanda med jord ved å bruke eit kaffifilter. Det trur borna.
”Det blir jo nesten som en tryllekunst dette her da”, sier jeg. ”Kanskje vi skal si abra kadabra først?” Nå fokuserer barna veldig på flasken, de ser på hverandre og er i gang med abra kadabra uten mer hjelp frå meg.
Borna er inspirerte og vil trylla meir. Denne gongen bruker Kjerstin eit glas med vatn og saft. Dei undrar seg saman om det blir blankt vatn i flaska denne gongen, og det trur borna. Dei blir litt overraska når fargen i flaska er som i glaset denne gongen. Dei snakkar vidare om at safta er flytande og greidde å renna gjennom filteret, og at ikkje alle stoff lar seg stoppe av eit filter.Engasjementet til guten er stort når han ser at vatnet er blitt reint igjen.
”Jeg spør hvor det ble av jorden og de peker på filteret”
Kjerstin samtalar vidare med borna om at det berre var vatnet som kom seg gjennom filteret.
Fysikk og kjemi i barnehagen
I dette fysikk- og kjemiopplegget fekk borna eit første møte med at nokre stoff løyser seg, andre ikkje. Vidare fekk dei oppleva at noko kan vera der, sjølv om me ikkje kan sjå det. Opplegget blei avslutta med at vatn kan reinsast, og at kaffifilter kan brukast til å fjerna jord frå vatn.
Nordvik viser gjennom desse to eksperimenta at born er svært begeistra for slike aktivitetar. Likevel er inntrykket eg sit igjen med etter å ha arbeidd nokre år med fysikk og kjemi i førskolelærarutdanninga, at det ikkje blir gjort så mykje av dette i barnehagen. Borna blir vertfall engasjert, så med dette er oppfordringa gjeven til å utvida repertoaret i fysikk og kjemi!