Undervisningsopplegg

Økt 3: Designe eller forbetre eit produkt

traktor i solnedgang I denne økta skal elevane designe eit teknologisk produkt eller gjere forbetringar på eit produkt slik at det blir meir berekraftig. Dei skal vurdere i kva fasar i livsløpet til produktet dei vil gjere endring, og på kva måte endringa er meir berekraftig. Kvar gruppe skal lage ein reklame (film, poster, brosjyre eller liknande) for produktet/produktforbetringa der dei argumenterer for på kva måte endringa bidrar til ei meir berekraftig utvikling. 

Læringsmål

Elevane skal kunne:

  • foreslå forbetringar av eit teknologisk produkt eller designe eit teknologisk produkt
  • bruke dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling til å lage argument som støttar deira forslag til løysing på oppdraget

Tidsbruk

Repetere frå førre økt 5 minutt
Livsløpsskjema 15 minutt
Om berekraft, livsløp og reklame 10 minutt
Om vurdering 5 minutt
Arbeid med oppdraget 45 minutt
Oppsummering 10 minutt
TOTALT 90 minutt

 

Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

  1. Gjer deg kjent med økt 3 i Power Point-presentasjonen.
Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 3

Ark 26–28 i PowerPoint-presentasjonen. Repetisjon. Repeter frå førre økt, beskriv kva eitt produkt sitt livsløp er og gjennomgå livsløpsanalyseskjemaet.

Ark 29–30. Livsløpsskjema. Gå gjennom dei tre fasane av livsløpet, og si at elevane no skal få øve på å bruke skjemaet som dei skal bruke i arbeidet med eige produkt. For kvart spørsmål som kjem opp på presentasjonen, la elevane komme med forslag til kor i skjemaet det høyrer heime.

Elevane skal no øve på å bruke skjemaet med dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling og tre fasar i livsløpet til eit produkt. Dei skal foreslå endringar av ein elsparkesykkel som skal bidra til ei meir berekraftig utvikling. Endringane skal plasserast i skjemaet (sjå elevheftet s. 5). Summer opp forslaga og avklar eventuelle misoppfatningar.

Ark 31–32. Om berekraft, livsløp og reklame. Gjennomgå kriteria for reklame, og la elevene velje mellom å lage reklamen som film, brosjyre, poster eller liknande. Førebu dei på at dei óg skal reflektere over eige arbeid og produkt, og at kvar gruppe skal gjere ei vurdering av dei andre gruppene sine produkt og reklame.

Ark 33. Om vurdering. Gå gjennom kjenneteikn på måloppnåing (sjå elevheftet s. 6), slik at elevane veit kva som er forventa av deira forslag til løysing.

Ark 34. Arbeid med oppdraget. Nå skal elevane gjere ferdig prosjekta sine i grupper.

Ark 35. Oppsummering. Summer opp ved å la gruppene ta ei kort statusoppdatering. Avklar det som er uklart, både fagleg og organisatorisk.