Undervisningsopplegg

Økt 4: Digitalisering

Informasjon frå sensorar blir ofte presentert som ein graf. I denne økta skal elevane erfare korleis informasjon frå ulike sensorar kan bli digitalisert ved å gjerast om til binær kode. For å kunne digitalisere signal frå ein sensor, må signalverdiane gjerast om frå desimale tal (titalssystemet) til binære tal. Elevane må vurdere kva slags informasjon som skal kommuniserast frå det smarte plagget og om informasjonen kan sendast ved hjelp av binær kode.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • forklare korleis digital informasjon blir overført frå sendar til mottakar

Tidsbruk

4A. Binære tal 20 minutt
4B. Sampling 25 minutt
4C. Oppdrag snakketøy 15 minutt
4D. Forberede presentasjon 30 minutt
TOTALT 90 minutt
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

  • PowerPoint-presentasjon bokmål | nynorsk

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.

Forsøk og praktisk arbeid

4A. Binære tal

Ark 1 i presentasjonen. Bruk bilda og be elevane diskutere i grupper kva dei hugsar best frå førre økt. La nokre av gruppene fortelje kva dei snakka om.
 
Ark 2 i presentasjonen. Vis innslag frå Dagsrevyen 20/2-17 (frå 8m45s til 10m36s) og be elevane legge merke til kva for eit smart klesplagg vi ser i dette klippet og korleis det fungerer.

Summer opp etter filmen kva type plagg dette handla om og kva plagget registrerte.

Ark 3–4 i presentasjonen. Forklar at det sit sensorar i vesten som registrerer pusten til barnet og at resultatet ble vist som ein graf ved å bruke tala 0 og 1.

Ark 5–8 i presentasjonen. Gjennomgå desimale og binære tal. Vis eksempla og la så elevane fylle ut i tabellen i elevheftet, Binære tal.

Ark 9 i presentasjonen. Fasit på elevoppgåva. Dette arket ligg i utgangspunktet som skjult ark i presentasjonen.

 

Fagleg bakgrunn

 

 

Forsøk og praktisk arbeid

4B. Sampling

Ark 10–15 i presentasjonen. Gå gjennom eksempelet med sampling. I kommentarfeltet på ark 11 står det litt informasjon som kan vere til støtte.

Ark 17 i presentasjonen. Bruk tenk-par-del og spør elevane korleis dei dei trur vi kan å redusere feilen:

  • Sample oftare. Det vil seie å ha fleire og tettare målepunkt på x-aksen
  • Dele y-aksen inn i fleire nivå. Da vil vi trenge fleire bit per målepunkt for å få overført verdien (16 nivå = 4 bit, 32 nivå = 5 bit)

Ark 17 i presentasjonen. Be elevane finne fram oppgåva Sampling i elevheftet. Elevane skal  jobbe i gruppa med å sample ved å først lese av bitstrengen og gjere han om til verdiar i titalsystemet. Etterpå skal dei teikne ein graf ut frå verdiane dei har førte inn i tabellen.

Ark 18–19 i presentasjonen. Vis elevane den opphavlege grafen. Be elevane samanlikne grafen sin med den opphavlege grafen, og la nokre kommentere kva dei ser. Vis eksemplet på korleis grafen kunne bli sampla.

Ark 20 i presentasjonen. Høyr med elevane om dei kan kome på nokre eksempel der dei har erfart at kvaliteten på mottatt signal er av dårleg kvalitet (strøyming av lyd og video vil nok vere dei vanlegaste svara).Vis YouTube-filmen på der elevane kan høyre forskjellen på eit musikklipp som har ulik kvalitet på samplinga (kbps).

Forsøk og praktisk arbeid

4C. Oppdrag Snakketøy

Ark 22–23 i PowerPoint. Be elevene tenke vidare på oppdraget igjen, og nå skal dei lande på kva for ein idé dei skal presentere og planlegge presentasjon for neste økt.

  • Trengs nokre sensorar?
  • Kva informasjon skal bli overført?
  • Kor ofte må samplinga skje?
  • Er nokre av dataa sensitive og må bli kryptert?
Forsøk og praktisk arbeid

4D. Forberede presentasjon

Ark 24–26 i presentasjonen. Førebu elevane på å sluttføre løysinga på oppdraget. Dei skal først fylle ut tekniske data i skjemaet. Dette skal dei ta utgangspunkt i når de skal lage ein film eller ein bildeserie som dei skal vise for resten av klassa. Gå gjennom punkt for punkt av arket med dei tekniske dataa som ei oppsummering av alle øktene. Minn elevane på at dei også skal lage eit flytskjema for klesplagget som viser korleis informasjonen går, slik som dei tidlegare laga flytskjema for internett.

Ark 27 i PowerPoint. La elevane koma med innspel på korleis dei tenker at ein god presentasjon skal vere. Kva bør presentasjonen av det smarte klesplagget innehalde? Gå gjennom krav til presentasjonen.

Rettlei elevane undervegs i førebuingane, både på kva for punkt dei tenker å ha i det tekniske skjemaet og korleis dei vil utforme flytskjemaet. Dette gir deg god informasjon om kva elevane har forstått og kva du treng å forklare.

Ark 28 og 29 i PowerPoint. Gå gjennom kjenneteikn på måloppnåing med elevane slik at dei veit kva som er forventa av innhald og presentasjon. Fortel at dei også skal stille spørsmål og gi kommentarar til dei andre gruppene sine presentasjonar, og at det er ein del av vurderingsgrunnlaget. Minn dei på at kjenneteikn på måloppnåing og skjema for kvarandrevurdering ligg sist i elevheftet.