Undervisningsopplegg

Økt 3: Kva er koden?

I denne økta får elevane eit innblikk i korleis vi kan sende informasjon ved hjelp av binære kodar. Dei skal få erfaring med å sende ord med binær kode med og utan kryptering.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • bruke ein enkel binær kode og lage ein enkel krypteringsnøkkel

Tidsbruk

3A. Trådlaus kommunikasjon  10–15 minutt
3B. Send ord med binær kode  30–45 minutt
3C. Krypter koden  20–30 minutt
3D. Oppsummering 5–10 minutt
TOTALT  65–100 minutt
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

  • PowerPoint-presentasjon bokmål | nynorsk
  • Elevark til kvar elev PDF: bokmål | nynorsk

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.

3. Skriv ut elevark til kvar elev.

4. Lag to lappar, på den eine skriv du 0 og på den andre skriv du 1.

Forsøk og praktisk arbeid

3A. Trådlaus kommunikasjon

Ark 1-3 i presentasjonen. Summer opp fra førre økt om basestasjonar og dekning, La elevane vise bilda dei har teke av basestasjonar og fortelje kor dei var plasserte.

Be elevane slå opp i elevheftet på side 8: Fire kategoriar av trådlaus kommunikasjon. Gruppene skal fylle ut rekkevidde og eksempel på bruk. Dei kan gjerne bruke internett for å leite etter svar.

Fordel kategoriane slik at kvar gruppe berre leiter etter svar på ein av kategoriane.

 

Fagleg bakgrunn

 


Ark 4 i presentasjonen. Gå gjennom dei fire kategoriane trådlaus kommunikasjon vi har:

  • direkte kommunikasjon (bluetooth, NFC – Near Field Communication)
  • småcelle (wifi)
  • storcelle (4G/5G)
  • satellitt

Eksempel på bruk:

  • NFC: mobilbetaling
  • bluetooth: kople hovudtelefon til telefon
  • wifi: kople telefon til internett heime
  • 4G/5G: tilgang til internett på gata
  • satellitt: tilgang til internett frå ein fiskebåt

Be elevane notere ned på elevarket det dei manglar, og tips dei om at dette arket kan bli eit nyttig verktøy når dei skal jobbe med oppdraget.

Forsøk og praktisk arbeid

3B. Send ord med binær kode

Ark 5-6 i presentasjonen. Innled om binære tall,.

Ark 7-9 i presentasjonen. Be elevane finne fram elevarket ASCII-kode. Dei skal ha blyant/penn klar.

Hald eit talkort med 0 i den eine handa og eit med éin i den andre. Send eit ord på tre bokstavar som elevane skal avkode ved å løfte talkorta, f.eks. HAV:

01001000 01000001 01010110

Elevane skal notere i skjemaet. Deretter skal dei avkode talstrengen til bokstavar ved å bruke ASCII-tabellen.

Be kvart elevpar lage to lappar med 0 og 1 slik du sjølv har gjort.

No skal dei sende eit ord til kvarandre som binær kode.

 

Fagleg bakgrunn



Ark 10-11 i presentasjonen. Gjennomgå bit og bitfart.

 

Fagleg bakgrunn



Ark 12-14 i presentasjonen. Repeter oppdraget og sei til elevane at dei snart skal bli einige om kva kommunikasjon deira plagg treng. Repeter om ulike kategoriar trådlaus kommunikasjon.

Ark 16 i PowerPoint. Vis innslaget frå Schrödingers katt. Det er innslag 5, frå 18m29s til 22m59s.

Ark 17 i PowerPoint. Gi elevane fem minutt til å diskutere idear.

Forsøk og praktisk arbeid

3C. Krypter koden

Ark 18 og 19 i presentasjonen. Fortel at helseopplysningar må krypterast slik at ikkje uvedkomande får tak i dei og misbruker dei. 

Du skal no sende elevane ein kryptert melding:

Be elevane ha oppe Kryptert kode i elevheftet og ha blyant/penn klar.

Hald eit talkort med 0 i den eine handa og eit med 1 i den andre. Send eit kryptert ord på tre bokstavar der to og to tal i ASCII-koden byter plass. Elevane skal først notere ned bokstavane du sender, f.eks. LUS (følgande streng er kryptert):

10001100 10101010 10100011

Når elevane har notert den krypterte meldinga i skjemaet, kan du be dei raskt sjekke om dei ser kva som er sendt. Sei at om dei hadde fått meir tid er det kanskje nokon som hadde funne ut av krypteringa, men no skal dei få sjå krypteringsnøkkelen slik at dei kan dekryptere.

Ark 20 i presentasjonen. Vis krypteringsnøkkelen og be elevane dekryptere og deretter finne ut kva for ord du sende.

Etterpå ber du kvart elevpar om å lage sin eigen krypteringsnøkkel. Dei skal så kryptere eit ord som dei skal sende til eit anna elevpar. Nøkkelen skal dei gi til det andre paret som skal bruke han til å dekryptere ord elevparet sende.

Forsøk og praktisk arbeid

3D. Oppsummering

Ta ein oppsummering i plenum om temaet kryptering. Kva type opplysningar kan vi sende utan å kryptere, og kva type opplysningar krev kryptering? Be elevane diskutere om det er nødvendig med kryptering i sitt produkt.