Undervisningsopplegg

Økt 2: Internett finn deg

I denne økta skal elevane sjå nærare på internett som eit elektronisk kommunikasjonssystem.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • skildre funksjonen til internett, kva sentrale delar det består av og korleis systemet finn informasjon som er lagra
  • fortelje om ulike måtar å kople seg trådlaust til internett på og korleis systemet kan vite kvar du er og kvar informasjon skal bli sendt
  • teikne flytskjema som viser eit eksempel på informasjonsflyt i internett

Tidsbruk

2A. Oppdrag snakketøy 15–20 minutt
2B. Søk opp Lady Gaga 25–30 minutt
2C. Flytskjema internett 20–30 minutt
2D. Mobiltelefonnettet 15–20 minutt
2E. Oppsummering 5–10 minutt
TOTALT 75–110 minutt
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

  • PowerPoint-presentasjon  bokmål | nynorsk
  • PowerPoint til elev  bokmål |nynorsk

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.

3. Finn ut kvar skolen har ruterane sine.

Forsøk og praktisk arbeid

2A. Oppdrag snakketøy

Oppfrisking frå forrige økt. Minn elevane på oppdraget dei fikk i førre økt, og at dei jobba med nokre omgrep som er viktige for å kunne løyse oppdraget. Gi elevane litt tid til å diskutere i gruppa før de tek ein gjennomgang i plenum  [kommunikasjonssystem, funksjon, sendar, mottakar, adresse]

Vis innslaget. frå Schrödingers katt på NRK. Innslaget skal vere eit eksempel til inspirasjon når elevane skal finne sin idé. Det er innslag 6, frå 22m59s til 26m50s.

Påpeik at kjolen som de såg Lady Gaga brukte i innslaget ikkje var tilkopla internett. Bruk tenk-par del til å diskutere kva funksjonar dei kan tenke seg at kjolen kunne ha om han var tilkopla internett.

La elevane bruke 5–10 minutt på å komme på fleire idéar til sitt produkt. Ved å bruke internettsøk som hjelp kan dei sjekke om idéar dei kjem opp med allereie finst.

Forsøk og praktisk arbeid

2B. Søk opp Lady Gaga

Klesplagget elevane skal finne opp skal kommunisere med internett og i oppdraget står det at dei skal lage eit flytskjema som viser kva delar systemet består av og korleis informasjonen blir sendt frå sendar til mottakar. Derfor er neste steg å sjå litt meir på korleis internett teknisk fungerer.

Bruk tenk-par-del og spør elevane kva for funksjonar internett har.

Gå gjennom Ark 6–7 i presentasjonen, kva er eigentleg internett?

Fagleg bakgrunn

 

La elevene jobbe i gruppene med Elevheftet: Søk opp Lady Gaga, ca. 10 minutt. Gjennom desse oppgåvene får elevane jobbe med omgrepa nettadresse, ip-adresse, ruter og rutingtabellar.

Summer opp ved å vise eksempelet på ei rute datatrafikken kan ta (Ark 9 i presentasjonen).

Poengter at for kvar raude prikk er det ein type datamaskin vi kallar ruter (kjem opp ved klikk).
Gå gjennom korleis ruterar verkar, ark 9-12 i presentasjonen.

Fagleg bakgrunn

 


Fortel kvar skolen har ruterane sine.

Be elevane om å finne fram Delar i eit kommunikasjonssystem i Elevheftet og fylle inn kolonnen til høgre i skjema. Dei kan sjølv velje kva slags informasjon dei skal sende, og korleis informasjonen skal sendast. Summer opp ved å la nokre elevar seie sine eksempel. Vis eitt forslag der ein "snap" er eksempel (Ark 13 i presentasjonen).

Fagleg bakgrunn

 

Forsøk og praktisk arbeid

2C. Flytskjema internett

Ark 14–17 i presentasjonen. Gjennomgå internett og flytskjema.

Elevane skal no jobbe i grupper (15–20 minutt) med å lage eit flytskjema i PowerPoint som viser kva som skjer når ein sender ein e-post til ein medelev. Be elevane opne PowerPoint-fila infografikk – slik virker internett. Dei skal bruke piler for å vise korleis informasjonen flyttar seg og skrive forklarande tekst til pilane. På det andre arket er det figurar dei kan ha med. Elevane kan også bruke internett som hjelpemiddel.

La gjerne nokre grupper få vise og forklare flytskjemaet sitt i plenum.

Forsøk og praktisk arbeid

2D. Mobiltelefonnettet

Ark 20–23 i presentasjonen. Gå gjennom korleis vi får kontakt med internett, og kva dekning er.

Ark 24–27  i presentasjonen. Vis oversikt over mobiltelefonnettet og bildar av basestasjonar.

Forsøk og praktisk arbeid

2E. Oppsummering

Ta ein oppsummering i plenum på kva elevene har lært i denne økta som dei kan få bruk for i arbeid med oppdraget. Elevene kan bruke elevheftet til å samle og strukturere ny informasjon og idear. I tillegg kan dei sjå på kjenneteikn på måloppnåing pkt. 3, der dei kan sjå progresjonen i å beskrive korleis eit elektronisk kommunikasjonssystem verkar ved å bruke eit flytskjema.

 

Fagleg bakgrunn

 

Kontakt med internett, trådlause samband og dekning

Ein PC kan vere knytt til internett gjennom ein kabel, men ofte får vil tilgang til internett gjennom trådlause samband, for eksempel wifi eller 4G.