Undervisningsopplegg

Økt 4: Ulike tiltak

I denne økta blir ulike tiltak presenterte for elevane som moglege løysningar på klimautfordringane. Elevane skal sjølve forklare korleis karbon flyttar seg i dei ulike tiltaka.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • forklare korleis ulike klimatiltak kan påverke mengda karbondioksid i atmosfæren

Tidsbruk

 Tenk-par-del  5–10 minutt
 Presentasjon av og refleksjon over ulike tiltak   40–50 minutt
TOTALT  45–60 minutt
Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • atmosfæren
    luftlaget som omgir jorda
  • biobrensel
    brensel framstilt av biologisk materiale, kan også kallast biodrivstoff
  • biokol
    kol som er laga av biologisk materiale, blir brukt som eit karbonlager og for å forbetre jordsmonnet
  • celleanding
    prosess i levande celler som frigjer energi frå næringsstoff
  • det langsame karbonkrinsløpet
    flytting av karbon mellom karbonlager i jordskorpa som tar tusenvis av år
  • det raske karbonkrinsløpet
    flytting av karbon i atmosfære, hav, skog og jordsmonn
  • drivhuseffekt
    naturleg prosess der gassar i atmosfæren bidrar til oppvarming av jorda
  • energi
    noko som kan få noko til å skje
  • forbrenningsreaksjon
    kjemisk reaksjon mellom eit stoff og oksygengass der det blir gitt energi til omgivnadane
  • forvitring og erosjon
    nedbryting av fjell, stein og jord på grunn av vann, vær og vind, dette frigjer karbon
  • fossilt brensel
    brensel av fossile kjelder som olje og gass
  • fotosyntese
    prosess i planter der vatn og karbondioksid blir omdanna til oksygen og glukose ved hjelp av lysenergi
  • grunnstoff
    stoff som er bygd opp av same type atom
  • kalkstein
    karbonhaldig bergart som blir danna ved at korallar, skjel og skal frå mikroorganismar blandar seg med sand og leire på havbotnen og etter kvart blir pressa saman
  • karbonfangst og -lagring (CCS)
    tiltak for å skilje ut og oppbevare karbondioksid på ein permanent måte
  • karbonlager
    oppsamling av karbonsambindingar i jord, hav, fjell, skog osv., skjer naturleg eller ved hjelp av menneske
  • karbonsambinding
    sambinding som mellom anna består av karbon
  • kjemisk reaksjon
    prosess der eitt eller fleire kjemiske stoff reagerer og dannar nye stoff
  • kjemisk sambinding
    stoff som består av to eller fleire grunnstoff der atoma er bundne saman med kjemiske bindingar.
  • klimatiltak
    tiltak for å redusere utslepp av karbondioksid eller gjere andre klimatilpassingar
  • krinsløp
    ein lukka bane som noko beveger seg i
  • livsprosess
    prosess som skjer i levande organismar, som celleanding, vekst og formering
  • massebevaring
    det at det er like mange atom av kvar type før og etter ein kjemisk reaksjon
  • myr
    open våtmark der nedbrytinga av daudt organisk materiale går så sakte, på grunn av liten tilgang på oksygen, at det hopar seg opp som torv
  • organisme
    levande vesen
    For eksempel eit dyr, ei plante, ein bakterie eller ein sopp.
  • prosess
    forløp eller utvikling gjennom fleire stadium
  • reaksjonslikning
    beskriving av stoffa som inngår i ein kjemisk reaksjon med atomsymbol og kjemiske formlar
  • sluttstoff
    stoff som blir laga i ein kjemisk reaksjon, står til høgre for reaksjonspila
  • utgangsstoff
    stoff som reagerer i ein kjemisk reaksjon Utgangsstoffa står til venstre for pila i ei reaksjonslikning.

Forskerspirebegrep

  • argumentere
    grunngi ein påstand
  • forklare
    gjere noko tydeleg
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
  • vurdere
    bedømme kvaliteten av noko
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med økt 4 i PowerPoint-presentasjonen.

2. Vurder om du vil gi elevane tilgang på filmar og artiklar. Her er eit utval ekstra ressursar om tiltak som kan brukast vidare i økt 5:

Filmar

Bevaring/dyrking av skog

Biokol

Karbonfangst og -lagring

Biodrivstoff

Bevaring av myr

Nettsaker/avisartiklar

Biokol

Karbonfangst og -lagring

Bevaring/dyrking av skog

Biodrivstoff

Anna

 

Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 4

Ark 28. Nøkkelsetningar om forbrenning og krinsløpet. Repeter forrige økt ved å spørre kva elevane hugsar og ved å gå gjennom nøkkelsetningane: 

Forbrenningsreaksjonar er reaksjonar med oksygen som frigjer energi.
Stoff som blir forbrent kan innehalde karbonsambindingar, for eksempel ved, bensin eller glukose.
Når karbonsambindingar blir forbrente, blir energi frigjord samtidig som det blir frigjord karbondioksid til atmosfæren.
Menneske slepp ut karbonsambindingar frå lager i det langsame krinsløpet mykje raskare enn naturen tar det tilbake til lagera. Det fører til at mengda karbondioksid i atmosfæren aukar.

Ark 29. Tenk-par-del. Bruk tenk-par-del til spørsmålet: Kva for tiltak kjenner de til som kan ta vekk karbondioksid frå atmosfæren?

 

Fortel at dei skal sjå nokre filmar som viser ulike tiltak, og sei at dei etterpå skal snakke om korleis karbon flyttar seg i dei ulike tiltaka.

Ark 30. Om karbonfangst og -lagring. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?

Ark 31. Om biokull i jord. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?

Ark 32. Om bevaring/dyrking av skog. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?

Ark 33. Om biodrivstoff. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?

Ark 34. Om bevaring av myr. Vis filmen. Bruk tenk-par-del: Korleis flyttar flyttar karbon seg i dette tiltaket? Kor blir karbon tatt frå og kor endar karbonet opp?

Ark 35. Kople til oppdraget. La elevane førebu kva for eit tiltak dei vil presentere. Dei kan velje eitt frå filmane eller noko anna.