Undervisningsopplegg

Økt 2: Massebevaring og det raske krinsløpet

I denne økta skal elevane gjennom ein bildeaktivitet få oversikt over prosessane fotosyntese og celleanding og korleis karbon beveger seg i krinsløp.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • forklare kva massebevaring betyr
  • forklare korleis karbon «beveger seg» i eit krinsløp
  • beskrive fotosyntese og celleanding

Tidsbruk

Diskusjonsaktivitet ca. 10 minutt
Fotosyntese og celleanding 15–20 minutt
Balansere reaksjonslikning og massebevaring 5–10 minutt
Krinsløpet til karbon 10–15 minutt
Kople til oppdraget ca. 5 minutt
TOTALT 45–60 minutt

 

 

Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • atmosfæren
    luftlaget som omgir jorda
  • biobrensel
    brensel framstilt av biologisk materiale, kan også kallast biodrivstoff
  • biokol
    kol som er laga av biologisk materiale, blir brukt som eit karbonlager og for å forbetre jordsmonnet
  • celleanding
    prosess i levande celler som frigjer energi frå næringsstoff
  • det langsame karbonkrinsløpet
    flytting av karbon mellom karbonlager i jordskorpa som tar tusenvis av år
  • det raske karbonkrinsløpet
    flytting av karbon i atmosfære, hav, skog og jordsmonn
  • drivhuseffekt
    naturleg prosess der gassar i atmosfæren bidrar til oppvarming av jorda
  • energi
    noko som kan få noko til å skje
  • forbrenningsreaksjon
    kjemisk reaksjon mellom eit stoff og oksygengass der det blir gitt energi til omgivnadane
  • forvitring og erosjon
    nedbryting av fjell, stein og jord på grunn av vann, vær og vind, dette frigjer karbon
  • fossilt brensel
    brensel av fossile kjelder som olje og gass
  • fotosyntese
    prosess i planter der vatn og karbondioksid blir omdanna til oksygen og glukose ved hjelp av lysenergi
  • grunnstoff
    stoff som er bygd opp av same type atom
  • kalkstein
    karbonhaldig bergart som blir danna ved at korallar, skjel og skal frå mikroorganismar blandar seg med sand og leire på havbotnen og etter kvart blir pressa saman
  • karbonfangst og -lagring (CCS)
    tiltak for å skilje ut og oppbevare karbondioksid på ein permanent måte
  • karbonlager
    oppsamling av karbonsambindingar i jord, hav, fjell, skog osv., skjer naturleg eller ved hjelp av menneske
  • karbonsambinding
    sambinding som mellom anna består av karbon
  • kjemisk reaksjon
    prosess der eitt eller fleire kjemiske stoff reagerer og dannar nye stoff
  • kjemisk sambinding
    stoff som består av to eller fleire grunnstoff der atoma er bundne saman med kjemiske bindingar.
  • klimatiltak
    tiltak for å redusere utslepp av karbondioksid eller gjere andre klimatilpassingar
  • krinsløp
    ein lukka bane som noko beveger seg i
  • livsprosess
    prosess som skjer i levande organismar, som celleanding, vekst og formering
  • massebevaring
    det at det er like mange atom av kvar type før og etter ein kjemisk reaksjon
  • myr
    open våtmark der nedbrytinga av daudt organisk materiale går så sakte, på grunn av liten tilgang på oksygen, at det hopar seg opp som torv
  • organisme
    levande vesen
    For eksempel eit dyr, ei plante, ein bakterie eller ein sopp.
  • prosess
    forløp eller utvikling gjennom fleire stadium
  • reaksjonslikning
    beskriving av stoffa som inngår i ein kjemisk reaksjon med atomsymbol og kjemiske formlar
  • sluttstoff
    stoff som blir laga i ein kjemisk reaksjon, står til høgre for reaksjonspila
  • utgangsstoff
    stoff som reagerer i ein kjemisk reaksjon Utgangsstoffa står til venstre for pila i ei reaksjonslikning.

Forskerspirebegrep

  • argumentere
    grunngi ein påstand
  • forklare
    gjere noko tydeleg
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
  • vurdere
    bedømme kvaliteten av noko
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med økt 2 i PowerPoint-presentasjonen. 

2. Skriv ut bildekort og informasjonsark til kvart elevpar. Klipp ut bildekorta, og legg dei i ein konvolutt til kvart elevpar. 

3. Førebu at elevane kan få tilgang på animasjonane på viten.no (i denne økta skal dei jobbe med delane «fotosyntese», «celleanding» og «karbon flyttar seg i eit krinsløp») og eventuelt meir avanserte filmar om fotosyntese og celleanding:

 

 

Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 2

Ark 11. Repetisjon. Repeter forrige økt ved å spørre kva elevane hugsar og ved å gå gjennom nøkkelsetningane: 

Karbon er grunnlag for alt liv på jorda.
Det er karbon i alle levande organismar.
Karbon finst i mange kjemiske sambindingar.
Karbondioksid er ein klimagass.
Den naturlege drivhuseffekten er ein føresetnad for liv på jorda.
Auka drivhuseffekt fører til klimaendringar.

 

Ark 12. Diskusjonsaktivitet. Spør: Korleis kan eit karbonatom frå eit gresstrå ende opp i eit eple på eit tre? Del ut bildekort, og la elevane jobbe i par. Be dei først om bruke nokre av korta som er merkte med C for å vise ei mogleg løype for karbonatomet. Presiser at det finst fleire moglege løyper. Ta bilde av ulike løysningar som du set inn i PowerPoint-presentasjonen på ark 13.

Ark 13. Ulike løysingar. Vis bilda av dei ulike løypene. Diskuter kva som er likt og ulikt. Få fram at i alle løypene går karbon via atmosfæren. Vent med å korrigere eventuelle feiloppfatningar til etter at elevane har sett på animasjonane. 

Ark 14. Fotosyntese og celleanding. La elevane opne og undersøke animasjonane på viten.no som viser fotosyntese og celleanding. La dei også svare på oppgåvene.

Ark 15. Neste steg er å plassere celleandings- og fotosyntesekorta der dei meiner dei høyrer heime i løypene elevene har laga, der karbonatomet går frå ei sambinding til ei anna. Be elevane beskrive med eigne ord kva som skjer i desse to prosessane. Tredje steg er å plassere kort som viser andre ting (sol, oksygen, vatn). Dersom nokon vil vite meir om dei to prosessane kan dei sjå dei meir avanserte filmane.

Ha ei runde i plenum der nokre elevpar fortel kvar dei har plassert celleanding og fotosyntese. Rett opp i eventuelle misoppfatningar om at karbon kjem inn i plantene på andre måtar enn gjennom karbondioksid i fotosyntesen. Poengter også at planter har celleanding slik som dyra. Nemn eit eksempel på ei kort løype (dersom det ikkje er nokon elevar som har nemnt dette) der gras slepp ut karbondioksid til atmosfæren gjennom celleanding og epletre tar opp karbondioksid frå atmosfæren gjennom fotosyntesen. 

Ark 16. Fotosyntesen. Be elevane velje ein av stadane dei har sett inn fotosyntese som prosess og beskrive kva som går inn og kva som går ut i denne prosessen. Del ut informasjonsarket, slik at elevane kan bruke informasjonen derfrå dersom dei vil beskrive prosessen på mikronivå.

Ark 17. Balansere reaksjonslikning. Vis fotosyntesereaksjonen med kjemiske formlar. Peik på at det står tal foran nokre av stoffa. Spør om dei veit kva desse tala betyr [kor mange molekyl det er]. Be elevane fortelje kvarandre kor mange atom det er av kvart grunnstoff før og etter reaksjonen. Sei at det alltid må vere like mange atom av kvar type på kvar side av pila, da seier vi at reaksjonslikninga er balansert.

Ark 18. Massebevaring. Forklar kva massebevaring vil seie ut frå eksempelet med fotosyntese. Knyt dette gjerne saman med reaksjonen for celleanding. 

Ark 19. Krinsløpet til karbon. La elevane opne animasjonen for å følge karbon rundt frå sambinding til sambinding i eit krinsløp. Be dei setje ord på kva som skjer i løpet av runden. Sei at dette er ein modell av krinsløpet til karbon. Modellen får fram korleis karbon flyttar seg mellom ulike stadar.

Ark 20. Kople til oppdraget. Spør elevane kva dei nå veit som dei kan bruke for å løyse oppdraget.