Undervisningsopplegg

Økt 1: Kvar finn vi karbon?

I denne økta blir oppdraget som skal skape læringsbehov og ei engasjerande ramme for elevane gjennom heile opplegget presentert. 

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • beskrive at karbon finst i mange millionar ulike kjemiske sambindingar og gi eksempel på kvar vi finn karbon

Tidsbruk

Presentere oppdrag  ca.10 minutt
Leseoppdrag 1  10–15 minutt
Sortere bilde  10–15 minutt
Leseoppdrag 2  10–15 minutt
Oppsummering/kople til oppdraget  ca. 5 minutt
TOTALT  45–60 minutt

 

Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • atmosfæren
    luftlaget som omgir jorda
  • biobrensel
    brensel framstilt av biologisk materiale, kan også kallast biodrivstoff
  • biokol
    kol som er laga av biologisk materiale, blir brukt som eit karbonlager og for å forbetre jordsmonnet
  • celleanding
    prosess i levande celler som frigjer energi frå næringsstoff
  • det langsame karbonkrinsløpet
    flytting av karbon mellom karbonlager i jordskorpa som tar tusenvis av år
  • det raske karbonkrinsløpet
    flytting av karbon i atmosfære, hav, skog og jordsmonn
  • drivhuseffekt
    naturleg prosess der gassar i atmosfæren bidrar til oppvarming av jorda
  • energi
    noko som kan få noko til å skje
  • forbrenningsreaksjon
    kjemisk reaksjon mellom eit stoff og oksygengass der det blir gitt energi til omgivnadane
  • forvitring og erosjon
    nedbryting av fjell, stein og jord på grunn av vann, vær og vind, dette frigjer karbon
  • fossilt brensel
    brensel av fossile kjelder som olje og gass
  • fotosyntese
    prosess i planter der vatn og karbondioksid blir omdanna til oksygen og glukose ved hjelp av lysenergi
  • grunnstoff
    stoff som er bygd opp av same type atom
  • kalkstein
    karbonhaldig bergart som blir danna ved at korallar, skjel og skal frå mikroorganismar blandar seg med sand og leire på havbotnen og etter kvart blir pressa saman
  • karbonfangst og -lagring (CCS)
    tiltak for å skilje ut og oppbevare karbondioksid på ein permanent måte
  • karbonlager
    oppsamling av karbonsambindingar i jord, hav, fjell, skog osv., skjer naturleg eller ved hjelp av menneske
  • karbonsambinding
    sambinding som mellom anna består av karbon
  • kjemisk reaksjon
    prosess der eitt eller fleire kjemiske stoff reagerer og dannar nye stoff
  • kjemisk sambinding
    stoff som består av to eller fleire grunnstoff der atoma er bundne saman med kjemiske bindingar.
  • klimatiltak
    tiltak for å redusere utslepp av karbondioksid eller gjere andre klimatilpassingar
  • krinsløp
    ein lukka bane som noko beveger seg i
  • livsprosess
    prosess som skjer i levande organismar, som celleanding, vekst og formering
  • massebevaring
    det at det er like mange atom av kvar type før og etter ein kjemisk reaksjon
  • myr
    open våtmark der nedbrytinga av daudt organisk materiale går så sakte, på grunn av liten tilgang på oksygen, at det hopar seg opp som torv
  • organisme
    levande vesen
    For eksempel eit dyr, ei plante, ein bakterie eller ein sopp.
  • prosess
    forløp eller utvikling gjennom fleire stadium
  • reaksjonslikning
    beskriving av stoffa som inngår i ein kjemisk reaksjon med atomsymbol og kjemiske formlar
  • sluttstoff
    stoff som blir laga i ein kjemisk reaksjon, står til høgre for reaksjonspila
  • utgangsstoff
    stoff som reagerer i ein kjemisk reaksjon Utgangsstoffa står til venstre for pila i ei reaksjonslikning.

Forskerspirebegrep

  • argumentere
    grunngi ein påstand
  • forklare
    gjere noko tydeleg
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
  • vurdere
    bedømme kvaliteten av noko
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med økt 1 i PowerPoint-presentasjonen. 

2. Sett inn klassenamn, skole og avsendar i elevarket med oppdrag, før du skriv ut til kvart elevpar, eventuelt til kvar elev.

3. Skriv ut bildekort til kvart elevpar. Du kan velje å laminere dei før du klipper dei ut og legg dei i konvoluttar. 

4. Les gjennom og skriv ut artikkelen Karbon gjør at vi lever – og kanskje at vi dør til kvart elevpar.

5. Skriv ut ark med kjenneteikn for måloppnåing til kvar elev.

 

Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 1

Ark 3–4 i PowerPoint. Presentere oppdrag. Del ut oppdragsbrevet slik at elevane kan lese gjennom. Fortell at oppdraget er at elevane skal gi råd om tiltak for å stabilisere eller redusere mengda karbondioksid i atmosfæren. Presiser at dei ikkje skal finne på eigne tiltak, men velje ut frå det dei les om. Kva bør Noreg satse på? Elevane skal til slutt presentere tiltaket sitt gjennom ei valfri plattform som kan nå politikarane. Repeter frå Viten-programmet Klimaendringar at meir karbondioksidgass i atmosfæren aukar drivhuseffekten. 

Del ut ark om måloppnåing til kvar elev. Sei at dette er vurderingskriteria for oppdraget som dei skal bruke undervegs for å vurdere si eiga læringsprosess og for summativ vurdering i slutten av opplegget. Minn dei på dette undervegs i opplegget.

Ark 5. Leseoppdrag 1. Sei at teksten Karbon gjør at vi lever – og kanskje at vi dør er eit intervju med ein forskar som har skrive ei heil bok om karbon. Be elevane reflektere over kva dei trur overskrifta «Karbon gjør at vi lever – og kanskje at vi dør» kan bety. 

Be dei lese heile teksten og streke under den eller dei opplysningane om karbon eller karbonsambindingar som overraskar dei mest. La dei diskutere vala sine i elevpar. La elevpara komme med hovudpunkta frå diskusjonen i plenum. 

Ark 6–7. Sortere bilde. Les opp utdraget frå teksten som seier at karbon finst i nesten alt som omgir oss. Del ut bildekorta til kvart elevpar. Be dei sortere bilda etter om dei trur dei viser noko som inneheld karbon eller ikkje. La elevpara komme med forslag på begge kategoriar, og be dei begrunne svara sine [levande organismar inneheld karbon, kjemisk formel med eller utan C]. Her vil nokre av elevane ha fleire forkunnskapar enn andre. Ut frå det som kjem fram kan elevane endre på sorteringa si i ei ny runde.

Ark 8. Leseoppdrag 2. Sei at når Hessen i den same teksten blir spurd «Er karbonet en venn eller fiende?» svarar han «– Jeg vil si venn. Det er grunnlaget for alt liv, siden det er med og lager levelige forhold på planeten vår. [svaret fortsetter] …» Be elevane lese teksten ein gong til og streke under setningar som støttar påstanden «Det er grunnlaget for alt liv, siden det er med og lager levelige forhold på planeten vår.» Be elevane diskuter vala sine i elevpar. La elevpara dele hovudpunkta frå diskusjonen med resten av klassen. 

Ark 9. Kople til oppdraget. Spør elevane kva dei veit nå som kan hjelpe dei med å løyse oppdraget. La dei snakke saman i par om kva for tiltak dei vurderer å velje og korleis karbon inngår i tiltaka.