Undervisningsopplegg

Økt 5: Søk dekning!

Søk dekning!

I denne økta skal elevane få innsikt i positive og negative sider ved elektroniske kommunikasjonssystem ved å lese boka Søk dekning!

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • gjere greie for positive og negative sider ved internett som kommunikasjonssystem
     

Tidsbruk

5A. Før lesing  10–15 minutt
5B. Under lesing  15–20 minutt
5C. Etter lesing  20–25 minutt
TOTALT  45–60 minutt
Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • adresse
    unik identifikasjonsopplysning for ein geografisk stad eller ein eining
  • basestasjon
    sendar- og mottakarstasjon i mobilnettet
  • binære tal
    tal i totalssystemet som blir uttrykt med symbola 0 og 1
  • binær kode
    informasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre
  • dekning
    geografisk rekkevidde av eit trådlaust nett
    For eksempel mobilnett eller wifi.
  • funksjon
    kva noko gjer, eller kva det brukast til
  • grensesnitt
    kopling mellom to delar av eit kommunikasjonssystem
  • informasjon
    opplysningar som blir sende mellom delane i eit kommunikasjonssystem
  • internett
    globalt elektronisk kommunikasjonssystem som du kan koble deg til trådlaust eller med kabel
  • kryptering
    omforming av data slik at informasjonen dei inneheld ikkje kan lesast av uvedkommande
  • mottakar
    endepunkt for ei informasjonsoverføring
  • sampling
    avlesing av et signals nivå ved faste tidsintervaller og omforming av nivået til en digital tallverdi
  • sendar
    startpunkt for ei informasjonsoverføring
  • system
    noko som består av fleire delar som verkar saman

Forskerspirebegrep

  • kravspesifikasjon
    skildring av eigenskapar og funksjonar som eit produkt skal ha
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Skriv ut boka Søk dekning! til kvart elevpar. Tips: Boka kan skrives ut som booklet/hefte.

Forsøk og praktisk arbeid

5A. Før lesing

Oppfrisking frå forrige økt. Hugsar de kva vi snakka om i forrige økt? Gi elevane litt tid til å tenke sjølve og la så nokre få svare. [binære tal, sampling, samplingsfrekvens]

Sei: Kva er fordelar og ulemper med internett? Bruk tenk-par-del . Del ut boka Søk dekning! og be elevane slå opp på side 10 og 11 i elevheftet: Søk dekning! Ta først ein felles runde der det kjem fram nokre eksempel på fordelar og ulemper. [vi får mykje informasjon, kan ikkje stole på informasjonen, kan lett få tak i venner, blir lada ut ...] Be elevane i par notere ned så mange fordelar og ulemper dei kjem på. 

Sei at dei skal arbeide vidare med oppgåvene i elevheftet. 

 

Forsøk og praktisk arbeid

5B. Under lesing

Be elevane lese i boka og setje kryss i tabellen undervegs ved kvart stikkord frå lista deira som blir nemnt i boka.

Gå rundt og ver tilgjengeleg for elevane mens dei les, dersom dei lurar på noko i teksten. 

Forsøk og praktisk arbeid

5C. Etter lesing

Elevane går her gjennom tabellen sin og supplerer lista med moment frå boka. 

Vidare skal dei tenke gjennom og skrive ned kva av punktene på lista som er relevante for det smarte klesplagget som dei vil finne opp. Dei skal sortere punkta i produksjon, bruk og avfall. 

Aktuelle punkt om produksjon:

  • skaper arbeidsplassar

Aktuelle punkt om bruk:

  • feilkjelder i registrering av data
  • gå tom for straum
  • informasjon til uvedkomande

Aktuelle punkt om avfall:

  • elektronisk avfall er ei utfordring