Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7

Korleis verkar eit solur?

Målet med denne økta er at elevane skal erfare korleis vi kan bruke solas «gang» over himmelen som ei klokke. 

Førebuing

Elevane skal registrere skugge to gongar med for eksempel ein halvtime mellomrom. Skaff ein rett pinne (30–100 cm) og kritt eller liknande til kvart elevpar. Finn ein open stad på skuleplassen som ikkje blir skuggelagt i løpet av økta. 

Les gjennom presentasjonen, og skriv han ut dersom du vil bruke han ute:

Ute, 40 min

Samle elevane i ein halvsirkel rundt deg. Fortel at dei skal lage ei klokke ved hjelp av sola og ein pinne. Dei skal gjere dette ut frå to målingar gjort med ein halvtime i mellom. Forklar elevane at dei skal teikne eit kryss der pinnen skal stå, halde pinnen oppreist på krysset og teikne ein strek frå krysset og langs skuggen frå pinnen. Ved enden av streken skal dei så skrive på klokkeslettet.

Del elevane inn i par og fordel dei utover den opne plassen. Noter deg klokkeslettet slik at du veit når elevane skal markere neste strek om 30 minutt. 

Samle elevane rundt eit av para, og be dei diskutere to og to: Kvar trur de skuggen til pinnen vil vere om ein halv time? (Ev. også: Blir skuggen like lang som no?) La nokre av gruppene fortelje kva dei snakka om.

Dersom du vil gå gjennom presentasjonen ute: Samle elevane i ein tett halvsirkel rundt deg, og fortel om historia bak soluret og vis bilda.

Leik skuggesisten (prøv å unngå at dei spring oppi solura): Den som har sisten set ein fot på skuggen til den ein gir sisten til. Samle elevene igjen når det er igjen eit par minutt av dei 30 minutta som skal gå mellom registreringane. (Ev. spørsmål: Kva ville forskjellen på skuggen vore om vi leikte skuggesisten på morgonen, midt på dagen og på ettermiddagen?)

Fortel elevane at det har gått ein halvtime, at dei skal teikne ein ny strek på soluret sitt og at dei etterpå skal prøve å lage ferdig soluret med strekar for heile dagen. Eit solur skal gjerne ha ein strek for kvar time.

Kvart elevpar teiknar ein ny strek frå krysset og langs skuggen til pinnen og diskuterer korleis dei skal fullføre soluret.

Eventuelle spørsmål:

  • Kan soluret deira bli brukt til å måle mindre tidseiningar enn halve timar, for eksempel eit kvarter eller fem minutt?
  • Kva kunne de gjort med soluret deira for å måle mindre tidseiningar?

Etterarbeid, 20 min

Sjå filmen Jordens bevegelse rundt solen (nrk.no) frå 1:00 min til 6:00 min.

Gå gjennom PowerPoint-presentasjonen dersom du ikkje gjorde det ute.

Spør elevane om dei har høyrt om sommarsolverv [Dagen i året der sola står høgast ved middagstid. På den nordlege halvkula er sommarsolverv mellom 20. og 22. juni], og om skuggen frå soluret vil vere kort eller lang da. La to og to diskutere om dei kan bruke soluret til å finne ut når det er sommarsolverv (og eventuelt vintersolverv). Avslutt med ein diskusjon i plenum.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Teknologi (KE68)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)
  • Læreplan i matematikk 1.–10. trinn (MAT01-05)

    Kompetansemål

    • 5. trinn
      • formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med tid å gjere (KM274)
  • Læreplan i kroppsøving (KRO01-05)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar (KM2079)